Villrein-kartklient


Dette er ei internettbasert kartteneste til bruk i forvaltninga av villreinens leveområde. Siktemålet er å gje alle aktørar i forvaltninga av villreinområda tilgang på den same informasjon. Her kan du sjå data om villreinens leveområde som kommunar, villreinnemder, villreinutval og fylkesmenn til no har samla. Desse dataene er tilrettelagt for fagsystemet Naturbase i Direktoratet for naturforvaltning (DN). Datagrunnlaget er ikkje fullstendig, geografisk og tematisk, men det er arbeid i gang med å samle data frå alle villreinområda.


Saman med lokale og regionale datasett viser DN også fram villreindata, inngrepsdata og planinformasjon som er samla og tilrettelagt av nasjonale aktørar, m.a. Norsk Institutt for Naturforskning (NINA), Statens Kartverk (SK) og Den Norske Turistforening (DNT).

Innsynet er kartbasert, dvs. at du får opp eit norgeskart når du startar. Du kan zooma deg inn og ut av kartet, og du kan slå av og på tema alt etter kva du har lyst til å sjå på. Det løner seg å zooma til det området du er interessert i før du slår på temaene. Når du har slått på temaknappen, bruk så knappen Oppdater kart. For nokre kartlag kan du sjå på informasjon om det enkelte kartobjekt gjennom i-knappen i kartet.

  

Ver merksam på at det kan ta noko tid å lasta opp tunge kartlag som beiteklassar og kommuneplanar. Desse datasetta vert ikkje synlege før i målestokkar under 1:100 000. Nokre andre datasett vert heller ikkje synlege i små målestokkar.

Denne innsynsløsningen benytter pop-up vindu. Dersom du har installert Windows XP med Service Pack 2, Windows Vista eller Windows 7 på din maskin, bør du slå av funksjonen som fjerner pop-up vindu for å få alt til å fungere optimalt.


Click for English version